COPY! Article was removed from the web! www.lorenzk.com

Men kvar var ungdommen?

Fire dagar. Fire dagar med internasjonal folkemusikk. Alle buene i sentrum, alle folk på kafé, alle felene du har sett. Det er folkemusikken som har skulda, om du skulle vere i tvil.

Silje Årdal og Ronny Brede Aase, Firda 11.7.05

Mange vi har prata med, har ikkje heilt skjønt kva som har gått føre seg. Nokre har lurt på om Torsheim skal spele, andre har ikkje skjønt at folkemusikarar kan halde konsertar. Dette i ein bygdeby der ein folkemusikkfestival med internasjonalt omdømme har vorte halden i seksten år.

Få ungdomar

Etter å ha vore på ulike arrangement, opningskonsert, utekonsert på Tangen, folkemusikkgalla, festivalpub'ar og dansegalla i Førdehuset, har vi opplevd litt meir av livet på festivalen.

Men det er skuffande få unge menneske her. Informasjon- og komunikasjonsansvarleg Torill Gundersen Faleide fortel at det berre er seld 76 festivalpass til ungdom og studentar, mot over 100 i fjor.

Dei fleste unge vi har møtt på, går rundt med artistkontaktkort, vaktskjorter eller står oppstilt som gjensidige sine nattevakter ved inngangar og liknande.

Er det fordi dette er ein festival som ikkje passar eit ungt publikum, der musikken og opplegget ikkje er «ungdommeleg» nok?

I løpet av dei ulike arrangementa vi deltok på, opplevde vi blant anna afrikanske rytmer, skotsk felespel, trampande unggutar frå Transylvania og modernisert norsk felespel. Og vi meiner dette kan vere noko for ungdom.

Kvar er ungdommen?

For å ta ein test sjekka vi ut kva venner og kjende gjorde på fredag og laurdag kveld. Eit stort fleirtal grilla og koste seg på vorspiel, andre var nettopp ferdige på jobb, og andre slappa av føre/framfor tv'en. Altså, ei heilt vanleg helg for dei fleste. Og kvifor, når veldig mange ungdommar snakkar om at det skjer for lite, at ein må finne på noko, at ein vil ut og reise, kvifor går vi ikkje på konsertar der vi kan oppleve noko nytt, møte nye folk, høyre ny musikk?

Lite publikumsvennleg

Det meste går føre seg i Førdehuset. Det er i dette huset det skjer. Her har ein festivalpub utan ventilasjon, der både publikum og artistar lar sveitten renne. Dette skaper for så vidt ei intim stemning, men er det den intime stemninga ein er ute etter når ein går på konsert? Laurdag spela Yves Lambert & Compagnie i utstillingshallen i Førdehuset. Om ein såg på golvet under artistane låg det store dammar av sveitte. Det var vedunderleg/herleg, ein fekk lyst til å gje dei alle ein stor klem etter konserten. Gni seg inn i det salte, varme vatnet som hadde fordampa frå kroppane deira. Men vi gjorde det ikkje. Det var fullt, og vi måtte sitje utanfor og høyre på gjennom veggen.

Men kva med ungdommen?

Det at ungdom i Førde ikkje veit kva som skjer, kvar det skjer og med kven det skjer, trur vi skuldast dårleg informasjonsarbeid.

Det er ikkje nok å sende ut aviser med info, når noko som gjerne vert skildra som utrendy pregar framsida.

Festivalen bør tenkje nytt om dei vil nå eit breiare publikum. Det betyr ikkje at festivalen bør kommersialiserast, men dei bør kanskje tenkje seg litt om før dei får gammaldansentusiasten «Peter Puma Hedlund & Co» til å spele for unge vaksne på Pikant ein fredag føremiddag.

De kan betre

Dei siste dagane har vi oppdaga folkemusikk på fleire forskjellige måtar. Til dømes Majorstuen med sitt ungdommelege preg på tradisjonell, norsk musikk. Vi har opplevd «Mory Kantè» og «Salem Tradition», med rytmar som gjev deg lyst til å riste. Skottane i «Deaf Shepherd» og kanadiarane i «Yves Lambert & Compagnie», med sine heftige, melodiøse og fengjande sceneshow.

Kva med å plassere slike artistar på ein stad der fleire ungdommar, ikkje berre vi, oppdagar dei?

opprinnelig kilde: http://www.firda.no/nyhende/lokalenyhende/article1660985.ece

www.lorenzk.com archive powered by PmWiki(pmwiki-2.2.0-beta65)
edit